4/24/2010

Creative Commons (CC)




Kva dette er for noko?
Creative Commons (CC) er ein organisasjon som vart etablert i 2001. Den jobbar for å auke antal åndsverk som alle lovlig kan dele med andre og byggje vidare på. Organisasjonens hovudvirke har vore utarbeidinga av ein rekke lisensar som opphavsmenn kan bruke fritt på sine verk. Fleire nettstadar, blandt anna Wikepedia, nyttar seg av CC- lisensieringa som ein måte å tilgjengliggjere innehaldet på. Fotonettstaden Flickr er eit eksempel som let ein merke bileta ein legg ut med CC- lisens.

Kvifor er denne organisasjonen er viktig?
Organisasjonen er med på å gjere digitale verk fritt, enkelt og billig tilgjenge. Å gi brukaren mest mulig brukarfriheit. CC lisensen er med på å auke eller beskytte den fritt tilgjengilige informasjonen.

Kvifor er det lurt å lisensiere dei digitale ressursane?
Medein CC- lisens bevarar du din opphavsrett, men tillet samtidig andre personar å kopiere og spre ditt verk. Forutsetningen er at dei namngir meg (eller deg) som opphavsperson- med dei betinginga som er oppgidde her.

3/10/2010

Fronter og Hot potatoes- Innlevering 2

FRONTER
No har eg laga oppgåver i Fronter, og prøvd å lære meg å bruke prøvefunksjonen der. Det ser eg som svært nyttig til seinare bruk. Eg må nok taste og trykke litt for å finne meir ut av det etterkvart, men har skjønt gongen i det. Eg har prøvd ut dei fleste funksjonane der. Oppgåve er levert i pdf-fil i Fronter under innlevering 2.

I høve med gjennomføringa av den nye læreplanen blei det utarbeida ein metodisk rettleiing for lærarar som skulle bruke læreplanen. Her blei det poengtert at verba i måla fulgte ein taksanomi, Blooms taksanomi. Denne taksanomien rangerar dei kognitive ferdigheitene i eit hierarki som frå botn til topp er:
1. kunnskap- hukommelse
2. forståing og innsikt
3. tillemping
4. analyse
5. syntese
6. kritiskvurdering


Nokre dømer på verb som kan nyttast i innlæringsmål for kunnsskap: gjenkjenne, definere, referere, velge ut, vurdere, formulere...........

Refleksjon:
Prøva i Fronter har eg lagt til 5. klasse i samfunnsfag, eg underviser i dette faget på trinnet. Eg har laga ei kapittelprøve om samane. Når eg la halvårsplanen synest eg at dette kapittelet høvde seg rundt 6. februar, som er samane sin nasjonaldag. Eg har prøvd å gjere det enklast mulig for elevane (og meg sjølv) med både spørsmåla og svara på denne prøven. Eg har ikkje prøvd det før, og heller ikkje elevane. (eg har teke prøven med dei) Både elevar og eg tek dette som ein læringsprosess. Det kjem opp poengsum for kvart rett svar dei får inni prøven. Poengsum kjem opp automatisk og etter prøven er avslutta. Elevane kan gå inn og ta prøven fleire gongar for å teste dette nye verktyet ut.
Svartypar som er nytta i prøven er: avkryssingsboksar, radioknappar, nedtrekkfelt og tekstvindauge. Eg meinar eg har oppfulgt dei kognitive måla i Blooms taksonomi så langt det let seg gjere på dette trinnet. Spørsmåla går på hukommelse, forståing så lyt eg bygge på etterkvart.

HOT POTATOES
Eg kan ikje seie anna at det er eit utruleg morosamt program, og mykje mogliheiter her. Men du verden for eit arbeid. Eg har prøvd meg i tre program innanfor her, men er ikkje heilt sikker på om eg hadde klart å gjere det same ein gong til. Men det er vel med dette så mykje anna, øving og atter øving. For å få litt meir øving sjølv, held eg på å lære ein kollega det.

Eg har laga oppgåver i JMix der har eg stokka om ord, så skal elevane dra dei opp på linja og få ein fullstendig setning. Passar for 3. klasse. JClose har eg teke utgangspunkt i eit stykke i leseboka til 4. klasse om den Kinesiske mur. JMatch synest eg var kjekkast av desse programma, då laga eg bilde av fargane i paint og tok importerte dei inn og så få elevane bruke rullegardin for å finne rett ord til rett farge på engelsk. Dette legg eg på 3. klasse. Det siste har eg prøvd ut med 3. klasse. Eg manglar nok video og lyd i desse programma men eg lyt heller ta det att viss ikkje oppgåva er godkjent. Men har levert inn oppgåve frå tre program som eg har testa ut.

Vurdering av arbeidet mitt: Eg synest denne oppgåva var vansklig, og ikkje minst tidkrevande. Eg har brukte lang tid på å sette meg inni nye verktøy eg skulle lære å bruke. Og sette spørsmåla inni i eit slikt system som Blooms taksanomi legg opp til har eg nok ikkje oppfulgt. Spørsmåla mine går på hukommelse, forståing og tillemping Alle oppgåvene eg har laga har eg lagt på Fronter (min skule) på dei aktuelle klassetrinnet. Verba i Blooms meinar eg sjølv er vanskelig for ein 3. og 4. klassing å ha fortåing for, så difor har eg gjort det litt enklare.
No er eg ferdig og har levert inn i Fronter og skrive i bloggen.

1/25/2010

Blogg og Movie Maker- Innlevering 1

Eg har laga ein alternativ innlæringsmetode for å sette meg inn i ein måte å legge til rette for lese og skriveopplæring på. Eg valde å gjere det for at til hausten skal eg starte som kontaktlærar i 1. klasse. Rektor har presentert eit opplegg for lærarane på skulen som eg har filma delar av. Dette er meint som ein del av skrive og leseopplæringa. Læraren gjentek demonstrasjonane av materiell (film) til elevane har forstått bruken av det. Elevane får jobbe i sitt eige tempo og bruke den tid han/ho treng for å knekke koden inn til kunnskapen.

Motivasjon her blir å kople dette opplegget ilag med Safari lærebokverket som vi nyttar, og nettsider som er anbefalt,
http://www.gyldendal.no/safari og Aski Raski som er eit elektronisk innlæringsprogram på lesing og avkoding av ord. Aski Raski vert mykje brukt som eit ekstra læringsmateriell for elevar med lese og skrivevanskar, men er ypperlig til bruk i begynnaropplæringa.

Aktivitetet er at opplegget som eg har filma kan elevane jobbe med sjølve og ilag. Det er og sjølvkontrollerande (fasit) med at bokstavane skal passe i hop når ein snur brikkene. Med å bruke alfabetet slik vil det vere med på auke lærelysta til elevane og sjølve ta ansvar for det dei lærer. Dei kan starte med ord som har to grafem og utvide til tre- fire etterkvart.

Konkretisering er bileta/brikkene som elevane får og jobbe med. Brikkene inneheld bilete og bokstavar som instruerer kva dei skal gjere.

Variasjon er at dette kan nyttast i tillegg til læreverket. Ein kan og her nytte Aski Raski som er eit datprogram som er bygd på same lesten.

Individualisering av dette er at det kan brukast som tilpassa opplæring, alt etter kva eleven treng det ekstra støtet på. Dette læringsverktyet har fleire nivå som kan tilpassast til elevane. Dette som eg viser er meint som eit tillegg i lese og skriveopplæringa som elevane kan jobbe med sjølvstendig og i grupper.

Samarbeid er fullt mulig på dette opplegget her. Elvane kan sitte ilag i grupper og komme fram til felles ord- setningar ved bruk av brikkene. Læraren kan og gå inn å styre det som eit pedagogisk opplegg med at alle brukar det samtidig på forskjellige stasjonar med ulik vanskligheitsgrad.

Evaluering / eigenvurdering gjennom materiellet kan elevane kontrollere og vurdere seg sjølve. Dette vil lede til auka sjølvstende, sjølvtillit til eigne evner og føre til auka motivasjon og ansvar.

"Å kunne lese" er ein av dei fem grunnleggjande ferdigheiter i LK06. Når det er sagt, må ein også understreke at det å kunne lese er komplekst og omfattande. Vi kan "lære for å lese" og vi kan "lese for å lære". For å gjere anten det eine eller det andre er det nødvendig å drøfte lesestrategiar med elevane. Ein bør velge lesestrategiar for før, under og etter lesing.

Manus og ide til dette opplegget fekk eg av rektor på skulen. Det er spesielt retta mot småskuletrinnet som eit supplement eller ein metode i innlæringa av bokstavar og ord med to-tre- fire grafem, eller ein kan bygge på det etterkvart.

Bileta har eg teke sjølv når rektor gjekk i gjennom dette opplegget med nokon av lærarane på skulen. Eg importerte alle bilete samtidig inn i Movie Maker, så la eg til overgangar og brukte dreiebok for å tilpasse biletevisning etter kor mange sekund eg vil at dei skal vere på skjermen. Eg ser at mulig eg skulle ha justert meir her. Som du ser er det ulik tid, dette på grunn av at det skal passe med det eg les inn. Eg importerte ikkje det som lydfil, men fann ein mikrofon som eg trykte på og kunne då lese inn etterkvart bilete. Eg hadde litt problemer med å stille lyden, anten vart den for høg og all "pustinga mi" kom med eller så vart den lav. Men trur den vart nokolunde tilslutt. Manuset har eg laga sjølv, etter introduksjonen som eg var deltakar på. Det er meininga at dette skal vere sjølvinstruerande. Movie Maker har eg ikkje nytta før, så det har var lærerikt med eit nytt verkty eg kan nytte seinare. Det er nok justeringar eg kan gjere betre, men har laga ein del utkast før eg landa på dette. Når eg får meir øving vil eg nok få meir "sving" på programmet.

1/19/2010

Produksjon av nynorske digitale læringsresurssar

Måndag 18. januar var ein travel dag med masse "matnyttig" til bruk i skulen. Filming virkar svært spennande å bruke som læringsresurssar eller nytte det til å lage ein læringsfilm for noko ein kan presentere for andre kollegar. No sit vi her med Grete og skal lage blogg. Ja det er litt å fordøye dette, men håpar det skal gå seg til etterkvart og at vi kjem inni eit arbeidsmønster med oppgåvene. Eg ser det at det tida eg kjem til å slite litt med, men lyt ha knallharde prioriteringar nokre månadar framover.