Eg har laga ein alternativ innlæringsmetode for å sette meg inn i ein måte å legge til rette for lese og skriveopplæring på. Eg valde å gjere det for at til hausten skal eg starte som kontaktlærar i 1. klasse. Rektor har presentert eit opplegg for lærarane på skulen som eg har filma delar av. Dette er meint som ein del av skrive og leseopplæringa. Læraren gjentek demonstrasjonane av materiell (film) til elevane har forstått bruken av det. Elevane får jobbe i sitt eige tempo og bruke den tid han/ho treng for å knekke koden inn til kunnskapen.
Motivasjon her blir å kople dette opplegget ilag med Safari lærebokverket som vi nyttar, og nettsider som er anbefalt, http://www.gyldendal.no/safari og Aski Raski som er eit elektronisk innlæringsprogram på lesing og avkoding av ord. Aski Raski vert mykje brukt som eit ekstra læringsmateriell for elevar med lese og skrivevanskar, men er ypperlig til bruk i begynnaropplæringa.
Aktivitetet er at opplegget som eg har filma kan elevane jobbe med sjølve og ilag. Det er og sjølvkontrollerande (fasit) med at bokstavane skal passe i hop når ein snur brikkene. Med å bruke alfabetet slik vil det vere med på auke lærelysta til elevane og sjølve ta ansvar for det dei lærer. Dei kan starte med ord som har to grafem og utvide til tre- fire etterkvart.
Konkretisering er bileta/brikkene som elevane får og jobbe med. Brikkene inneheld bilete og bokstavar som instruerer kva dei skal gjere.
Variasjon er at dette kan nyttast i tillegg til læreverket. Ein kan og her nytte Aski Raski som er eit datprogram som er bygd på same lesten.
Individualisering av dette er at det kan brukast som tilpassa opplæring, alt etter kva eleven treng det ekstra støtet på. Dette læringsverktyet har fleire nivå som kan tilpassast til elevane. Dette som eg viser er meint som eit tillegg i lese og skriveopplæringa som elevane kan jobbe med sjølvstendig og i grupper.
Samarbeid er fullt mulig på dette opplegget her. Elvane kan sitte ilag i grupper og komme fram til felles ord- setningar ved bruk av brikkene. Læraren kan og gå inn å styre det som eit pedagogisk opplegg med at alle brukar det samtidig på forskjellige stasjonar med ulik vanskligheitsgrad.
Evaluering / eigenvurdering gjennom materiellet kan elevane kontrollere og vurdere seg sjølve. Dette vil lede til auka sjølvstende, sjølvtillit til eigne evner og føre til auka motivasjon og ansvar.
"Å kunne lese" er ein av dei fem grunnleggjande ferdigheiter i LK06. Når det er sagt, må ein også understreke at det å kunne lese er komplekst og omfattande. Vi kan "lære for å lese" og vi kan "lese for å lære". For å gjere anten det eine eller det andre er det nødvendig å drøfte lesestrategiar med elevane. Ein bør velge lesestrategiar for før, under og etter lesing.
Manus og ide til dette opplegget fekk eg av rektor på skulen. Det er spesielt retta mot småskuletrinnet som eit supplement eller ein metode i innlæringa av bokstavar og ord med to-tre- fire grafem, eller ein kan bygge på det etterkvart.
Bileta har eg teke sjølv når rektor gjekk i gjennom dette opplegget med nokon av lærarane på skulen. Eg importerte alle bilete samtidig inn i Movie Maker, så la eg til overgangar og brukte dreiebok for å tilpasse biletevisning etter kor mange sekund eg vil at dei skal vere på skjermen. Eg ser at mulig eg skulle ha justert meir her. Som du ser er det ulik tid, dette på grunn av at det skal passe med det eg les inn. Eg importerte ikkje det som lydfil, men fann ein mikrofon som eg trykte på og kunne då lese inn etterkvart bilete. Eg hadde litt problemer med å stille lyden, anten vart den for høg og all "pustinga mi" kom med eller så vart den lav. Men trur den vart nokolunde tilslutt. Manuset har eg laga sjølv, etter introduksjonen som eg var deltakar på. Det er meininga at dette skal vere sjølvinstruerande. Movie Maker har eg ikkje nytta før, så det har var lærerikt med eit nytt verkty eg kan nytte seinare. Det er nok justeringar eg kan gjere betre, men har laga ein del utkast før eg landa på dette. Når eg får meir øving vil eg nok få meir "sving" på programmet.
Naturfageksperiment på YouTube
for 11 år siden